KONTAKTINFORMASJON
 
 
img
Kva er ein inkubator


Fyrst av alt er me genuint opptatt av at DU skal lykkast!

Atheno AS har ein industriinkubator i SIVA-nettverket. Inkubatoren driv rådgjeving og tilrettelegging for gründerar, etablerarar og bedrifter med nyskapningsprosjekt. Atheno gir hjelp i dei ulike fasane den enkelte er i. I tillegg til rådgiving tilbyr inkubatoren gunstige rammer for leige av kontor i eit attraktivt, spennande og sosialt miljø.

Atheno AS har eit stort nettverk innan industri, offentleg- og privat næringsutvikling samt oppstarts- og gründerordningar. I tillegg er det interne nettverket i inkubatoren viktig ved at gründerane knyttar kontaktar seg imellom og deler erfaringar med kvarandre. Atheno nyttar aktivt heile sitt nettverk i arbeidet rundt inkubatoren. Dette er ein stor styrke for dei som vert etablert som inkubatorbedrift.

Ved å stimulera til innovasjon og knoppskyting bidrar Atheno til etablering og utvikling av vekstkraftige bedrifter med utgangspunkt i den eksisterande industriverksemda som regionen representerer.


Kundane våre er:
  • gründerar med eigenutvikla idear
  • etablerarar
  • bedrifter som ynskjer å gjennomføra knoppskytingsprosjekt
  • bedrifter som ynskjer samarbeid i innovasjons- og omstillingsprosjekt
Atheno har ein breidt samansett eigarstruktur som sikrar god forankring både industrielt, politisk og ikkje minst mot utdanningssystemet. I tillegg bidreg SIVA og Hordaland Fylkeskommune med midlar til utvikling.


DISTRIBUERT INKUBATOR - Me tilbyr støtte og assistanse der du held til

Dagens inkubatorsystem er i hovudsak etablert i byar eller på større tettstader. Dette har vore ei utfordring for gründerar som ynskjer å etablera seg i ein inkubator, men som pga. avstand må avstå frå det. Som ei løysing på problemet har det dei siste åra blitt utvikla eit distribuert inkubatorsystem. Ei slik inkubatorløysing kan vera organisering og nettverkssamarbeid mellom lokale kunnskapsaktørar, industri, høgskule og sentrale inkubatorar. Med denne arbeidsmodellen kan det etablerast lokale miljø som dreg nytte av kunnskapen, metodikken, kompetansen og nettverket som ein inkubator har.

Atheno er i full gong med ein modell for distribuert industri-inkubator i Sunnhordlandregionen. Ein ser det slik at dei erfaringar Atheno har gjort seg gjennom 3 års drift av industri-inkubator, vil vera viktige å kombinera med den kompetanse og dei ressursane ein finn lokalt ute i regionen.

Målet er at kommunar i regionen skal kunna knytte seg opp mot industri-inkubatoren gjennom den distribuerte løysinga. Atheno har stor tru på at det i regionen fins svært mange spanande og gode idéhavarar. Vår ynskje er at fleire av desse skal få rammer som gjer det enklare å arbeida vidare med ideane sine.

Inkubatorlokasjonar:

Atheno har tre inkubatorlokasjonar kring i Sunnhordland:

[ INKUBATOR STORD ]
[ INKUBATOR BØMLO ]
INKUBATOR TYSNES ]
   
       
  Atheno AS
Postboks 2000
5409 STORD
Telefon: 53 41 32 77
E-post: post@atheno.no
Besøksadresse:
Bleikjehaugen Bygg A
5409 STORD