 |
|
Velkomen til Atheno!
Atheno er resultat av ein fusjon mellom tidlegare Industrinettverket AS, etablert som samarbeidsorgan for bedrifter i Sunnhordland i 1992, og industriinkubatoren Vekst Industri Sunnhordland som vart etablert i 2004.
Namnet Atheno kjem av Athene som er gresk gudinne for visdom og kunnskap. Namnet er gjort sunnhordlandsk ved at det har fått o-ending. For å gi namnet meining har logoen ein undertekst – industriutvikling i sunnhordland, og det er nett industriutvikling som er Atheno sitt fokus.
Eigarane i Atheno er bedrifter frå seks av kommunane i Sunnhordland, SIVA (Selskapet for industrivekst), Hordaland fylkeskommune, Stord og Kvinnherad kommune, Tekna Sunnhordland og Høgskulen Stord/Haugesund.
Atheno AS – Verksemd
Som regionalt samarbeidsorgan er Atheno opptatt av at både bedrifter og kommunar blir knytt tettare saman i næringsutviklingsarbeidet. Fundamentet i verksemda vår er samfunnsengasjerte medlemsbedrifter.
Industrien har stor betydning for Sunnhordland. Å ha fokus på gründerverksemd og entreprenørskap er viktig for å ha jamleg tilsig av nye bedrifter. Atheno sine medlemsbedrifter er opptatt av å oppretthalda og vidareutvikla dette industrimiljøet. Det har vore ei viktig satsing heilt frå oppstart av samarbeidet i Industrinettverket i 1992. Skal industrimiljøet vera levande, må det nyskaping til.
Atheno har erfaring og kompetanse med inkubatorverksemd og har gode resultat å visa til når det gjeld bedrifter som er etablert i inkubatoren på Stord. Ein inkubator er ein rugekasse eller kuvøse for nye bedrifter. Her får etableraren støtte og assistanse i den vanskelege oppstartsperioden når bedriften skal ”opp og stå”.
I og med at Atheno arbeider regionalt, vil me gjerne dela erfaringar og kompetanse me har tileigna oss på Stord, med næringsaktørar i andre kommunar i regionen.
Atheno ønskjer å bidra i kommunar som vil ha eit inkubatortilbod til nyetablerarar. Skal slikt arbeid lukkast, må både kommunen og dei som arbeider med næringsutvikling, delta og engasjera seg i arbeidet. Det er hos desse kompetansen skal byggjast opp, og tilsette i Atheno vil støtta opp så godt ein kan.
Det vert opna inkubatoravdelingar på Bømlo og Tysnes i 2009. Planen er å laga nettverk mellom dei forskjellige inkubatorane og få til samarbeid og erfaringsutveksling . På den måten vil ein stimulera til nyskaping og innovasjon, og sikra at gründeren lukkast med etableringa si.
Sunnhordland har i tidlegare tider vore ein region prega av entreprenørskapsånd. Me trur satsing på inkubator og nettverk kan bidra til ”ny giv” på dette området.
Samarbeidspartnarar
Finansiering er viktig for både nyetablerarar og meir modne bedrifter. Difor er Atheno opptatt av å ha gode relasjonar til fondsmiljø.
Atheno er tett kopla til Fjord Invest Sørvest i Førde som er eit såkornfond for industribedrifter i distriktskommunar langs heile kysten frå Sogn og Fjordane til og med Aust Agder.
Atheno er kontaktorgan mellom Fjord Invest Sørvest og bedrifter i alle distriktskommunane i Hordaland, i tillegg til Vindafjord i Rogaland. Det vil sei: Atheno formidlar kontakt mellom interesserte bedrifter og fondet.
Vekstfondet er eit anna fond Atheno samarbeider med. Vekstfondet har investeringsfokus på vekstbedrifter i Sunnhordland, Haugesundsregionen og Hardanger, og har eit regionalt styre. Dette fondet har Atheno vore med å etablera.
Industrielt Knutepunkt Sunnhordland
Sunnhordland fekk i oktober 2007, tildelt eit av to pilotprosjekt i eit program som SIVA ønskjer å starta opp i sterke industriregionar. I vår region har Atheno utviklings- og administrasjonsansvaret for Industrielt Knutepunkt Sunnhordland, som er eit spanande prosjekt der SIVA legg få føringar på innhald, men er opptatt av at det er ein region og eit næringsliv som kan og vil utvikla seg. Prosjektet har også sterk støtte frå Hordaland fylkeskommune.
Atheno si oppgåve er å samla industrien på tvers av klynger, bransjar og kommunegrenser. Mellom desse skal det byggjast nettverk som skal bidra til å vidareutvikla eit allsidig industrimiljø gjennom felles utfordringar og moglegheiter.
Saman er me sterke!
Sunnhordland skal marknadsførast som ein dynamisk og samla sterk industriregion gjennom omdømmebygging og meir synleggjering av industrien her. For å få det til må aktørane stå saman – både næringsliv, verkemiddelapparat, kapitalmiljø, høgskule og FoU – slik at me ikkje får alle desse ”lette slaga i lufta” som gjerne blir når den enkelte opptrer for seg sjølv.
Målet for Industrielt Knutepunkt Sunnhordland er å sikra langsiktig vekst og verdiskaping i regionen gjennom å styrkja innovasjonsevne og konkurransedyktighet. I tillegg skal prosjektet visa nasjonalt og internasjonalt, at Sunnhordland er ein god stad å bu for heile familien, at ein her kan få både ein interessant jobb og gjera karriere.
|
 |
|
|
 |