(24.06.2010) Dei tre gründerverksemdene Future Operation Management AS, Embicon AS og Ocean Control u.s. har fått tildelt kr. 100.000 kvar frå Sparebanken Vest sitt Visjon Vest-fond.
Føremålet med fondet er å stille kapital til rådvelde for gründerverksemder både i Sunnhordland og på Haugalandet. Atheno er av Sparebanken Vest vald til å stå som hovudansvarleg for fondet.
Dagleg leiar i Atheno, Sylvi Røssland Sørfonn, seier at Atheno set stor pris på ein bank som tek samfunnsansvar på denne måten. Ikkje minst i ei tid prega av pessimisme i internasjonal økonomi.
[ Les faksmile frå BØMLO-nytt ]
|