Bakgrunn

Atheno har fått prosjektleiinga i Sunnhordland og for hovudprosjektet i Hordaland. Her i regionen vert det samarbeidd tett med Samarbeidsrådet for Sunnhordland og ei regional prosjektgruppe. I Hordaland samarbeidar me med Nyskapingsparken i Bergen og næringshagane på Voss, Odda og Mongstad. Prosjektet vert styrt av SIVA (Selskapet for Industrivekst) og vert finansiert av Kommunal- og regionaldepartementet. Satsinga skjer elles i samspel med Hordaland Fylkeskommune og Innovasjon Noreg.
Kvinnovasjon er ein del av Regjeringa sitt arbeid med å styrke entreprenørskap blant kvinner. Noreg treng fleire kvinner som etablerer eigne bedrifter. Då prosjektet starta opp som pilotprosjekt i 2006, vart kun 32 prosent av nye bedrifter i landet starta av kvinner. I 2013 er målet til Stortinget at andelen skal auka til 40 prosent.
For utvikling av norsk næringsliv og nyskaping er det viktig at lokalsamfunn nyttiggjer seg dei ressursar som er tilgjengelige. Dette gjeld ikkje minst kompetanse- og menneskelege ressursar. Kvinner utgjer vel 50% av befolkninga og ein vesentleg del av dei med høgare utdanning i Noreg. Likevel er dei ein liten del av næringslivsaktørane, både som eigarar, leiarar og styrerepresentantar. Det er viktig å engasjera og involvera denne gruppa meir i næringsutvikling for å utvikla eit framtidsretta lokalsamfunn.
Tall på kvinnelege entreprenørar er ein kritisk faktor i eit lands langsiktige økonomiske vekst. Land som ikkje fullt ut oppfordrar kvinner til å ta del i etablering og vekst av nye bedrifter, skuslar vekk entreprenørskapspotensialet sitt. Noreg er det einaste nordiske landet som ligg under OECD-gjennomsnittet for kvinnelege nyetableringar. Kvinnovasjonsprogrammet har mange utviklingsmiljø og næringshagar som arbeidar mot same mål: Å mobilisera og motivera fleire kvinner til å starta for seg sjølv, og til vidare utvikling av allereie etablerte bedrifter. Ein ønskjer å skapa sterke nettverk, auka ambisjonsnivået, gi inspirasjon, motivasjon og kompetanse til å gjera draum til røyndom.
|
 |
VIKTIGE KVINNOVASJONS-DATOAR I SUNNHORDLAND:
Kvinnovasjon Kick-Off: 10. februar 2010, kl. 1800-2135
Kvinnovasjon nettverkssamlingar: 25. mars 2010, kl.1630-2000 6. mai 2010, kl. 1630-2000
|