Inkubator Stord
Atheno sin inkubator på Stord er lokalisert i Atheno sine eigne lokaler på Bleikjehaugen. Her finn du oss i eit triveleg, kreativt og sosialt miljø.
Her er det tilgong til alle kontorfasilitetar du har behov for som inkubatorbedrift. Forutan dei ordinære kontorfasilitetane finn du her resepsjonsteneste, møterom, bemanna kantine med varm mat og eit eige postkontor. I våre lokaler har me òg nokre kommersielle leigetakarar som bidreg til at me totalt sett kan tilby eit unikt miljø for deg som vil starta eiga bedrift.
Inngongsparti med resepsjonsteneste.
 Sosialt og triveleg i Atheno sine lokaler.
 Bemanna kantine som mellom anna sel varm mat.
|
 |
Adresse:
Bleikjehaugen Bygg A 5409 STORD
Kart:
Vis Inkubator Stord i eit større kart
Kvifor etablere eigen bedrift i ein inkubator?
Som inkubatorbedrift / leigetakar på ein av Atheno sine inkubatorlokasjonar får du tilgong til alle naudsynte kontorfasilitetar til ein lav kostnad. Vidare vert du del av Atheno sitt inkubatorbedrift-nettverk saman med andre bedrifter, og kjem inn i eit inspirerande miljø som kan bidra positivt når du skal utvikle bedrifta di vidare.
Meir informasjon:
For meir informasjon om Atheno sitt inkubatortilbud på Stord og kva moglegheiter dette gjev deg, kontakt:

Astrid Kjellevold Steinsland Mobil: +47 45 28 99 28 E-post: astrid@atheno.no
|