KONTAKTINFORMASJON
 
 
img
Kvinnovasjon i Sunnhordland








Dette er stikkord for det som skjer innan Kvinnovasjon i heile landet, og for det me ynskjer skal vera sentralt i vårt arbeid her i Sunnhordland. Stikkorda er fellesnemnar og målet for arbeidet vårt er klart:

Me ynskjer å vera med å mobilisera og motivera fleire kvinner til å starta eigne bedrifter, til vidareutvikling av allereie etablerte bedrifter, til å verta leiarar, til aktiv styredeltaking og til generelt å engasjera seg meir i næringsutvikling.

Historia viser at kvinner startar sjeldnare bedrifter - og startar også andre typar bedrifter enn menn. Ofte dreier det seg om enkeltpersonføretak med lav risiko, små vekstambisjonar, retta mot ein lokal marknad. Forsking slår fast at bedrifter etablert av ein kvinneleg gründer, byggjer på ein litt anna filosofi og har ei anna utvikling enn bedrifter etablert av menn. Det å delta og gi tid til å vera med i Kvinnovasjon kan gi motivasjon og kompetanse til å våga å satsa, enten ein er i startgropa eller vil vidareutvikle det som alt eksistera. Det kan gi eit svært viktig nettverk og ikkje minst kan ein få hjelp til utfordringar på vegen.

VIKTIGE KVINNOVASJONS-DATOAR I SUNNHORDLAND:


Kvinnovasjon Kick-Off:
10. februar 2010, kl. 1800-2135

Kvinnovasjon nettverkssamlingar:
25. mars 2010, kl.1630-2000
6. mai 2010, kl. 1630-2000
   
       
  Atheno AS
Postboks 2000
5409 STORD
Telefon: 53 41 32 77
E-post: post@atheno.no
Besøksadresse:
Bleikjehaugen Bygg A
5409 STORD