Eigarar

Leverandør av komplette olje- og gass offshoreplattformer og landbaserte prosessanlegg. Verftet på Stord har verdsleiande kompetanse på dette området og er kjent for svært høg kvalitet i alle ledd i organisasjonen.

Global leverandør av komplette livsløpsløysingar for kraftforsyning i marine- og energimarknaden. På Stord og Bømlo er hovudaktivitetane utvikling av skipsdesign, framdriftssystem, og elektro- og automasjonssystem for skip og offshore-installasjonar. Fellesnemnaren er verdsleiande kompetanse knytt til utvikling av miljøvenlege løysingar. Her er også ei avdeling som på kort varsel yt feltservice over heile verda.

Eit av verdas mest framtidsretta reiarlag når det kjem til miljøvenlege offshoreskip. Eidesvik operer sine skip over heile verda, og er og har vore ei føregangsverksemd når det gjeld å ta i bruk ny lokalutvikla teknologi.

Den tradisjonsrike bedrifta i Valevågen på Stord leverer bustadkvarter til olje- og gassplattformer. Selskapet står bak fleire bustadkvarter til Nordsjøen enn alle konkurrentane til saman, og er ein ettertrakta leverandør også til den internasjonale marknaden.

Totalleverandøren av løysingar til rigg, skip og subsea har sin hovudbase i Ølen, men har også mange andre lokasjonar og verft langs kysten. Westcon Group er ei familieeigd verksemd med over 30 års erfaring i bransjen, og gjennom søsterselskapa Westcon Yards, Westcon Power & Automation og Westcon Løfteteknikk er det få konsern som kan tilby ein liknande breidde i kunnskap og kompetanse.

Det verdsleiande selskapet innanfor kraft- og automasjonsteknologi har kontor sentralt på Leirvik. ABB sine løysingar forbetrar ytinga og reduserer miljøbelastninga innanfor energiforsyning og i industrien. Dei tilsette på Stord arbeider i hovudsak med prosjekt knytt til olje- og gassindustrien.

Det internasjonale selskapet Palfinger er global marknadsleiar av marine livreddande system, og hovudkontoret for dei marine løysingane i Noreg ligg i Rosendal. Historia til bedrifta går heilt attende til 1920-talet – men med ulike firmanamn undervegs. Livbåtar og redningssystem frå bedrifta finn ein om bord i båtar over heile verda.

Det som starta som Bømmeløy Mekaniske Verksted i 1966 har gjennom meir enn 50 år etablert seg som ei bedrift med høg fagleg kompetanse innan maskin/motor- , stål, plast og røyrarbeid. Bømlo Skipsservice har hovudbase utanfor Langevåg på Bømlo.

Attføringsbedrifta Opero held til på Stord. Målsettinga er å gje eit tilbod med siktemål om føra arbeidstakarar tilbake til, eller inn i vanleg arbeid. Verksemda gir også tilbod om utprøving og avklaring med tanke på framtidige val av arbeid eller opplæring. Verksemdsområda spenner frå blant anna mekanisk produksjon, til kantine- og barnehagedrift.

Bedrifta i Våge på Tysnes leverer løysingar for effektiv og rasjonell massehandtering. Utvikling og produksjon av transportskruar har vore ein sentral del av selskapet sidan oppstarten i 1962. Med stor endringsvilje har Vågen AS vist at ein kan snu seg mot nye marknader og auke omsetnaden om ein gjer gode strategiske grep.