Entreprenørskap i skulen

UngTekno

I 2018 lanserte Atheno pilotprosjektet Ung Tekno. I tett samarbeid med fem ungdomsskular i Sunnhordland var elevar, lærarar og mentorar frå lokalt næringsliv involvert i nyvinninga. Det vart hausta gode erfaringar til det som no blir eit permanent tilbod dei neste åra.

Kva er UngTekno

  • UngTekno knyt teknologi og yrkesfag saman med entreprenørskap
  • Prosjektet skal belyse samanhengen mellom teknologi og yrkesfag, kva kompetanse ein treng, og korleis endringar blir i framtidas yrkesfag
  • Tilbod til 9. klasse-elevar
  • Forretningsmodellering
  • Prosjektet vert gjennomført i tett samarbeid med lokalt næringsliv

Kvifor UngTekno

  • Utvikling av nytt og eksisterande næringsliv krev tidleg satsing
  • Auka fokus på moglegheiter og samanheng mellom yrkesfag og teknologi
  • Industri og inkubator tett knytt til prosjektet og aktive deltakarar
  • Fokus på trivsel i skulen og på val av vidaregåande utdanning
  • Motverke fråfall i vidaregåande skule

Korleis UngTekno

To fasar på to dagar

  1. Elevane gjennomfører tech-camp på skulen saman med Atheno og bedrift.
  2. Elevane arbeider vidare med resultatet frå tech-campen i bedrift. Fokus på forretningsmodellering, design av prototype og pitch som vert avslutta med «Show & tell» torg.

Ungt Entreprenørskap

For dei unge, kreative og nysgjerrige

Engasjement i eit av Ungt Entreprenørskap (UE) sine prosjekt er for mange den første tilnærminga og motiveringa til det som skjer i vaksenarbeidslivet. UE Sunnhordland har sju ulike prosjekt som motiverer og inspirerer til gründerskap.

UE Sunnhordland sine prosjekt:

  • Vårt lokalsamfunn (4. Klasse)
  • Smartare Energi (5.–7.klasse)
  • Økonomi/karriereval (10.klasse)
  • Elevbedrift
  • Ungdomsbedrift
  • Studentbedrift

Det vert arrangert kommunale, fylkeskommunale og nasjonale konkurransar i fleire av prosjekta.

Her er UE lokalt i 2018

  • UE er eit tilbod for grunnskulane i Kvinnherad, Bømlo og Stord
  • UE er eit tilbod for vidaregåande skular i sju Sunnhordlandskommunar
  • UE er eit tilbod for studentar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL)

Visste du at

Ungt Entreprenørskap er ein ideell, landsomfattande organisasjon som i samspel med utdanningssystemet, næringslivet og andre aktørar arbeider for å utvikle barn og unge sin kreativitet, skaparglede og trua på seg sjølv. Les gjerne meir på: ue.no

Ynskjer du å vite meir?

Nina Østensjø er prosjektleiar i UE Sunnhordland og tilsett i Atheno. Ho har lang og brei erfaring frå alle dei nemnte prosjekta, og svarar deg gjerne på spørsmål enten du er elev, student, lærar eller skuleleiar.

Nina Østensjø tel. 926 60 776  epost: nina@atheno.no

Nina 2255
Kontaktperson Ungt Entreprenørskap

Rådgjevar Nina Østensjø

926 60 776

nina@atheno.no

Stolte sponsorar av UE Sunnhordland