Etablerarveiledning

Har du ein god idé? Går du med tankar om å starte eiga verksemd? Har du ein forretningsidé som kan utviklast til noko meir?

Atheno har spisskompetanse på å bistå idéhavarar for å vurdere potensialet og dine moglegheiter. Me vil kunne:

  • Rettleie og bistå deg i vurdering av din idé.
  • Rådgjeving i etableringsfase.
  • Hjelpe deg med praktiske forhold.
  • Rettleie deg i forhold til ulike instansar og myndigheiter.

Rådgjeving i tidleg idéfase er kostnadsfri for deg som idéhavar, då det vert kostnadsført kommunen du bur i (gjeld innbyggarane i kommunane Stord, Bømlo, Fitjar og Tysnes).

Dei gode idéeane skal få dei beste forutsetningar for å verte realisert. Dersom din idé er i denne kategorien, vil du også etterkvart kunne få tilbud om inkubatorplass hos Atheno.

Me er genuint oppteken av at DU skal lukkast med din forretningsidé!

 

Etablerartreff
Atheno arrangerer jamnleg ulike etablerartreff, for å samle personar og bedrifter som er i ein tidleg oppstartfase. Du kan vera i idéfasen, etableringsfase, eller du kan vera i den fyrste driftsfasen for ny verksemd.

Desse samlingane legg opp til at deltakarane kan få ideear, inspirasjon i form av seminar eller kurs, samt nyttige råd, rettleiing og informasjon til utvikling av forretningside og eiga bedrift. Ein viktig faktor er og høvet til å knyte kontaktar med andre som er i ein tilsvarande situasjon som deg sjølv, og bygge nettverk.