Gründer

Lurer du på å realisere ein idé du har?

Spennande!

Då vil me gjerne ta ein prat med deg. Me tilbyr rettleiing for deg som har ein gründer i magen. Det startar vanlegvis med ein uforpliktande prat, der du presenterer ideen og planane du har. I samtalen vil me spørje deg relevante spørsmål og gje deg nyttige tips om ting det er lurt å tenke på enten du skal lage eit produkt, utvikle ei teneste, eller starte ei bedrift.

I snitt vurderer me ca. 150 idear årleg. Takk vere våre framsynte samarbeidskommunar Tysnes, Stord, Bømlo og Fitjar er fyrste møtet alltid kostnadsfritt for deg.

Dette kan me hjelpe deg med

  • Kostnadsfri vurdering av din idé
  • Rådgjeving knytt til viktige ting å tenke på ved etablering
  • Kontakt opp mot virkemiddelapparatet (Regionalt etablerarfond, Innovasjon Noreg og Forskingsrådet)
  • Relevante kurs
  • Kontakt med etablerte verksemder
  • Nettverksbygging
  • Forretningsmodellering
Nina 2255
Kontaktperson Stord og Fitjar

Rådgjevar Nina Østensjø

926 60 776

nina@atheno.no

OleJacobEide
Kontaktperson Bømlo og Tysnes

Rådgjevar Ole Jacob Eide

928 27 366

ole.jacob@atheno.no