Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Industritanken

20. september kl. 19.3021.30

Gratis

Skal industrien i Sunnhordland halde fram og utvikle seg vidare er samarbeid ein heilt avgjerande nøkkel. Atheno ynskjer å få ulike næringslivsaktørar til å møtast og lanserer no tenketanken og møteplassen Industritanken.

Tenketanken skal arbeide med å auke kunnskap og oppslutning om utvikling av industrien i regionen. Industritanken skal jobbe med kunnskapsutvikling- og deling, knytte industri og akademia tettare saman, samt sette agenda og inspirere.

Industritanken er eigd av Atheno AS, og har blitt ein realitet etter initiativ frå medlemsbedrifter i industriklynga. Industritanken er først og fremst utvikla for medlemsbedrifter og -organisasjonar knytt til Atheno AS. Samtidig skal Atheno fremje Sunnhordland som industri-, kompetanse og innovasjonsregion, og samarbeid på tvers av ulike miljø er eit av hovudformåla.

Billettar

Utseld!Bindande påmeldingGratis

Ver venleg og fyll ut alle naudsynte felt

Detaljar:

Dato
20. september
Tid:
19.30–21.30
Billettpris:
Gratis

Arrangør

Atheno
Epost:
post@atheno.no
Nettstad:
atheno.no

Lokale

Verket
Vabakkjen 6
Stord, 5417
+ Google-kart