Industriklynga

Å arbeide saman i ei klynge styrkar deltakarane si konkurranseevne og regionen generelt.

Industriklynga i Sunnhordland er eit sterkt, felles nettverk som er bygd opp i løpet av 30 år. Gjennom tett samarbeid er målet å løfte fram og styrke næringslivet i regionen, samt styrke klynga og den enkelte medlemsbedrift si innovasjons- og konkurranseevne.

Industriklynga har møtepunkt i form av medlemsarenaer, kompetanseprogram og ulike seminar og konferansar. Parallelt vert det arbeidd med felles prosjekt i klynga. Sentralt I arbeidet er også ulike faglige fora som knyt ekspertise og nøkkelmedarbeiderar innan spesifikke fagområder saman på tvers av medlemsbedrifter.

FN sine berekraftsmål ligg til grunn for arbeidet i industriklynga framover.

Industritanken

Industritanken er ein tenketank for industrien i Sunnhordland. Industritanken jobbar med å auke kunnskap og oppslutning om utvikling av bærekraftig industri i regionen. Industritanken skal arbeide med kunnskapsutvikling og kunnskapsdeling, knytte industri og akademia tettare saman, sette agenda og inspirere. Industritanken vil gjennom ulike arrangement og medieproduksjonar, skape arenaer for inspirasjon, diskusjon, deling og kunnskapsutvikling.

Industritanken er eigd av Atheno AS, og har kome til på initiativ frå medlemsbedrifter i industriklynga. Samarbeid på tvers av ulike miljø er eit av hovudformåla, og styringsgruppa er difor breitt samansett og består av representantar frå medlemsbedriftene Kværner og Leirvik AS, NMEC, Høgskulen på Vestlandet, Stord Næringsråd og Fellesforbundet.

Astrid 2238
Kontaktperson Industriklynga

Dagleg leiar, Astrid Kjellevold

452 89 928

astrid@atheno.no

Lene Pilskog
Kontaktperson Industritanken

Prosjektleiar, Lene Pilskog

481 51 050

lene@atheno.no