Industrinettverk

Industrinettverket i Atheno er eit sterkt, felles nettverk som er 25 år gamalt. Gjennom eit tett samarbeid er målet å løfte fram og styrke næringslivet i regionen, styrka klynga og den enkelte medlemsbedrift si innovasjons- og konkurranseevne.

Industrinettverket har ulike arena i form av medlemsarena, seminar, kurs og felles prosjekt.
Sentralt I arbeidet finn ein også ulike faglige fora som knyt ekspertise og nøkkelmedarbeiderar innan spesifikke fagområder saman på tvers av medlemsbedrifter.

Medlemsnettverk
Atheno samlar industribedrifter, kompetansebedrifter og andre sentrale næringslivsaktørar i Sunnhordland. Dette vert kombinert med eit utstrakt nettverk av offentlege organ på nasjonalt, fylkeskommunalt og kommunalt nivå, samt utdannings- og forskingsinstitusjonar og eit vidare nettverk av næringslivsaktørar nasjonalt og internasjonalt.

Medlemsbedriftene i Atheno representerer ulike bransjar og sektorar. Sentralt står klyngeutvikling innan offshore og maritim næring. Regionen sitt næringsliv er vidare prega av marin næring, energi, prosessindustri, teknologi- og kompetanse baserte næringar. Regionen sitt næringsliv har til dels sterk internasjonal eksponering – både når det gjeld marknadar, eigarskap og kompetansetilgong.

Medlemsarena
Atheno arrangerer jamleg medlemsarena, der alle medlemsbedriften er velkomne til å delta med sine representantar.

Medlemsarena har til hensikt å styrke relasjonane medlemsbedriftene i mellom, og relasjonen mellom medlemsbedriftene og Atheno som felles koordinerande organ og ressurs.

Medlemsmøtene kan variere i innhald og form.

Ei vanleg ramme kan vere:

  • Oppdatering frå Atheno om viktige forhold av interesse for fellesskapet
  • Eksternt innslag – verksemdrelatert/fagleg/inspirerande frå ressursperson
  • Dagens medlemsfokus – Presentasjon av eitt av medlemmane
  • Informasjons- og ideutveksling mellom medlemmane
  • Sosial del for styrking av nettverk og kontaktar

Invitasjon til medlemsarena vert sendt ut til medlemsbedrifta i god til på førehand.

Faglege fora
Atheno driv ulike faglege fora saman med medlemsbedriftene.

Fagleg forum samlar dei sentrale ressurspersonane innanfor gitt fagfelt, på tvers av medlemsbedriftene. Dette kan vere bedrifta sin øvste ansvarlege innanfor fagfeltet og/eller fagekspert eller spesialressurs dedikert fagfeltet.

Faglege fora er ein arena for gjensidig læring og deling av idear, tilnærmingar, konsept, løysingar med meir. Som tankesmie og ressurspool er fagleg forum ei kjelde til nytenking og innovative prosessar som medlemsbedriftene kan hauste gevinst frå. Faglege fora er også ein arena for å etablere evt. felles utviklingsprosjekt med deltaking frå fleire medlemsbedrifter innan det aktuelle fagområdet.

Pr. 2015 finn ein fylgjande faglege fora i Atheno:

  • Verksemdstyring og kontinuerleg forbetring
  • HR og kompetanseutvikling
  • Toppleiarforum
  • Helse, miljø og sikkerhet

For faglege fora er Atheno tilretteleggar og sekreteriat. Dette inneber at Atheno står for gjennomføringa av samlingane, som innbefattar agenda og fasilitering.