Inkubator

I Atheno Inkubator får du tett oppfølging når bedrifta di skal vidareutviklast.

For dei som vil vekse, dele og samarbeide

Atheno Inkubator identifiserer innovative idear og bidrar til å vidareutvikla og kommersialisera desse til nye selskapsetableringar. Inkubatoren har sitt utspring frå industrien i Sunnhordland, men er som næringslivet elles i konstant utvikling. Difor har vår inkubator i dag deltakarar frå ulike bransjar.

Tett oppfølging, kopling mellom nærings- og kunnskapsmiljø, høg grad av delingskultur og overføringsverdi på tvers av bransjane er nokre av fortrinna ved å vere del av Atheno Inkubator.

Ta gjerne kontakt med oss om du ynskjer å vite meir om dette.

Preinkubasjon

For å bli teken opp i inkubatoren må ein fyrst gjennom ein preinkubasjons­periode der me vert betre kjent med satsinga di, og der du vert betre kjent med oss. Idé, team, vekstpotensiale, synleggjering av marknad og gjennomføringsevne er nokre av dei viktigaste momenta me ser etter. Preinkubasjonstida viser om det er grunnlag for opptak i inkubatoren for ein lengre periode.

Som deltakar i Atheno Inkubator får du

  • Tett oppfølging
  • Rådgjeving knytt til forretningsmodellering
  • Moglegheit til å delta på ei rekke kurs og samlingar
  • Tilgang til Atheno sitt kompetansenettverk
  • Høve til å delta i eit inspirerande miljø
  • Hjelp til målretta arbeid for vekst
  • Gode «kollegaer» i andre bedrifter
  • Høve til å nytte vår styrepool og møte investorar
  • Tilgang til møtelokale og kontorplass
  • Kort veg til kontaktar i virkemiddelapparatet som t.d. Innovasjon Noreg, Forskingsrådet, SIVA med fleire
  • Tilgang til nettverk i andre klynger
  • Unik moglegheit til å treffe potensielle kundar og samarbeidspartnarar

Investeringsfond

Gjennom investeringsfondet Atheno Prosjektutvikling AS er det moglegheiter for tilgang på kapital for selskap i tidleg utviklingsfase.

Det er avgjerande at selskapa vert vurdert å ha tilstrekkeleg sterkt utviklingspotensial. Som i andre investeringsfond vil det ved plassering av midlar bli vektlagt sannsynlegheit for sunn forretning av investerte midlar.

Kjetil 2232
Kontaktperson Inkubator

Inkubatorleiar Kjetil Djuve

982 99 318

kjetil@atheno.no

Siva Partner