Om Atheno

Atheno skal bidra til å fremja ein unik kultur for nyskaping i Sunnhordland, og bidra til auka innovasjon og verdiskaping i nye og eksisterande bedrifter i regionen.

Atheno arbeidar for å sikra langsiktig vekst og verdiskaping i regionen gjennom å styrkja innovasjonsevne og konkurransedyktighet.

Som regionalt samarbeidsorgan er Atheno opptatt av at både bedrifter og kommunar blir knytt tettare saman i næringsutviklingsarbeidet. Fundamentet i verksemda vår er samfunnsengasjerte medlemsbedrifter.

Atheno si oppgåve er å samla industrien på tvers av klynger, bransjar og kommunegrenser. Mellom desse skal det byggjast nettverk som skal bidra til å vidareutvikla eit allsidig industrimiljø gjennom felles utfordringar og moglegheiter.

Atheno er resultat av ein fusjon mellom tidlegare Industrinettverket AS, etablert som samarbeidsorgan for bedrifter i Sunnhordland i 1992, og industriinkubatoren Vekst Industri Sunnhordland som vart etablert i 2004.

Jobbar du med ein spanande forretningsidé? Kanskje me kan bidra? Ta kontakt!

 

Atheno sitt føremål er:

  • Å fremja samarbeid innan industrien i regionen. Dette skal primært skje ved å utvikla nettverksarenaer for å gjera medlemsbedriftene meir innovative og konkurransedyktige. Ressurspersonar frå bedriftene skal knytast saman i ressursnettverk.
  • Å driva inkubatorverksemd i regionen og arbeida for entreprenørskap og nyskaping i vid forstand.
  • Å driva regionalt nærings- og samfunnsutviklingsarbeid som bidreg til oppstart og vidareutvikling av verksemder i Sunnhordland.
  • Å tilby tenester til næringsliv og offentlege aktørar til så høg kvalitet og attraktiv pris at ein vert den føretrekte samarbeidspartnaren før desse.
  • Å arbeida fram samt å tilretteleggja og tilby naudsynt kompetanse i regionen.