Eigarar og samarbeidspartnarar

Atheno AS sine eigarar og samarbeidspartar er tilknytta ulike bransjar, og er heimehøyrande i Sunnhordlandskommunane.

 

KVÆRNER STORD AS
Kværner er eit multinasjonalt norsk industrikonsern som er spesialisert på gjennomføring av store EPC-prosjekt (engineering, procurement, construction) innan oppstraums og nedstraums olje og gass. Kværner vart skilt ut frå Aker Solutions og etablert som eige selskap 6. mai 2011. Kværner Stord er eit leiande sammanstillingsverft og leverandør av olje- og gasskonstruksjonar til havs og på land.

www.kvaerner.com

 

WÄRTSILÄ NORWAY AS
Wärtsilä er ein global leiar innan komplette livsløpsløysingar for kraftforsyning for marine-og energi marknaden. Ved å vektlegge teknologisk innovasjon og total effektivitet, maksimerer Wärtsilä miljømessige og økonomiske resultat av skipa og kraftverk til sine kundar.

www.wartsila.com

 

EIDESVIK INVEST AS
Eidesvik er eit moderne innovativt rederi som operer skip innan forretningsområda supply, seismikk og subsea. Saman med sine kundar og partnarar er dei eit kraftsenter for framtidsretta skips- og operasjonsløysingar.Eidesvik operer ein moderne flåte med spesialiserte skip innan tre hovudsegment; supply, seismikk og subsea.Skipa har hele verden som arbeidsområde.

Eidesvik Invest driv handel og tenesteytande verksemd, inbefatta å delta i andre foretak som driv tilsvarande verksemd.

www.eidesvik.no

 

APPLY LEIRVIK AS
Apply Leirvik er ein verdsleiande EPC kontraktør og leverandør av boligmodular til olje og gass plattformer. Selskapet står bak fleire boligmodul-leveransar til nordsjøen enn alle konkurrentane til saman. Ein unik posisjon samt verdsleiande kompetanse på engineering, aluminium- og stålkonstruksjoner.

www.applyleirvik.com

 

WESTCON GROUP AS
Westcon spesialiserar seg på nybygging og reparasjon av skip og oljeriggar. Selskapet samarbeidar med dei fremste kundane i marknaden, og står for levering av unike høyteknologiske løysingar innanfor sitt marknadsområde.

www.westcon.no

 

HARDING SAFETY AS
Harding er den globale marknadsleiaren av marine livreddande system, med ein rekord på leveransar til offshoreinstallasjonar og skip over heile verda. Selskapet utvikla den fyrste livbåten (FF1200) for Nordsjøen. Harding vart danna i 2013, då Schat Harding og Noreq AS vart slått saman for å danne verdas leiande produsent og leverandør av redningsutstyr. Deira historie, derimot, går helt tilbake til 1920-tallet.

www.harding.no

 

ABB AS
ABB er verdsleiande innanfor kraft- og automasjonsteknologi. ABB sine løysingar forbetrar ytinga og reduserer miljøbelastninga for kundar innanfor energiforsyning og industri. ABB AS er ein del av den verdsomfattande ABB-gruppa som har hovudkontor i Sveits. ABB AS har verksemder over heile landet og omkring 2000 ansatte.

www.abb.no

 

BØMLO SKIPSSERVICE AS
BØMLO SKIPSSERVICE AS (tidligere Bømmeløy Mekaniske Verksted) ligg i Bømlo kommune, nærmare bestemt i Langevåg heilt sør i kommunen. Bedrifta har i dag 20 velkvalifiserte medarbeidara med lang erfaring frå verkstadindustrien.

www.bsse.no

 

ENERGI TEKNIKK AS
Energi Teknikk AS er en totalleverandør av utstyr og tjenester for utbygging av småkraftverk, og har i dag 17 ansatte. Selskapet tilbyr egenproduserte turbiner, tavler og kontrollsystemer samt har egen serviceavdeling for drift og vedlikehold.Energi Teknikk er godkjent som leverandør for energibransjen gjennom kvalifikasjonssystemet Sellicha.

www.energi-teknikk.no

 

ENSY HOLDING AS
Ensy AS er i dag ein av Noregs mest moderne elektromekaniske bedrifter. Selskapet vart etablert under namnet Pyrox AS i 1920. I over 80 år har bedrifta, no beliggande på Tysnes, utvikla og produsert produkt for den norske og nordiske marknaden. Kokeplater, komfyrar og varmeovnar frå Pyrox er velkjente produkt i mange husstandar. Produksjonen ligg i dag i Romania og er i hovudsak tynnplateprodukt.

www.ensy.no

 

FELLESFORBUNDET SUNNHORDLAND
Fellesforbundet er LOs største forbund i privat sektor. Totalt har forbundet cirka 148 000 medlemmer fordelt på fleire yrkesgrupper.

www.fellesforbundet.no

 

FITJAR NÆRINGSRÅD

 

HOLMEDAL & HUSUM OFFSHORE AS
Holmedal & Husum Offshore AS er eit arkitektkontor med spesialisering innanfor bygg og anlegg og offshoreindustrien. Tenestespekteret spenn frå forprosjekt og detaljprosjektering av boligmodular i offshore installasjonar, til prosjektutvikling, prosjektering og byggeleiing for bygg og landbaserte installasjonar. Selskapet leverer òg forstudiar til offshoreindustrien, og har levert tenester til både oljeselskap og leverandørindustrien. Holmedal & Husum Offshore AS har stått for ”detail engineering” av fleire boligmodular.

www.holmedaloghusum.no

 

HØGSKULEN PÅ VESTLANDET (HVL)

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 16 000 studentar fordelt på fem campusar i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund. Hos oss kan du ta alt frå årsstudium til å fullføre bachelor-, master- eller doktorgrad. Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og maritime fag, lærar- og musikkutdanning, idrett, friluftsliv og folkehelse, natur- og samfunnsfag og økonomi og leiing.

www.hvl.no

 

J. TUFTELAND AS
Selskapet tilbyr tenester innan fagområda Reguleringsplanar, Kommunaltekniske planar, Bygningsteknisk konsulentarbeid, Prosjektleiing og Byggeleiing. Ein viktig partnar til offentlege myndigheiter, private eigedomsutviklere, industrieigarar og næringslivskunder.

www.jtas.no

 

MARINE ALUMINIUM AS
Marine Aluminium AS (MA) er ei av verdas leiande verksemder innan enginering, design og fabrikasjon av aluminiums-strukturer og produkter for offshore- og skipsindustrien. MA har meir enn 50 års erfaring.

www.m-a.no

 

OPERO
Opero er ei attføringsverksemd. Målsettinga er å gje eit yrkesmessig attføringstilbod med siktemål å føra arbeidstakarar tilbake til eller inn i, vanleg arbeid. Verksemda gjev også tilbod om utprøving og avklåring av personar med tanke på framtidige val av arbeid/opplæring etc. Verksemdsområdene er allsidig mekanisk produksjon, barnehage (Ås Barnehage) kantinedrift, dataopplæring, kontor og service/utleige.

www.opero.no

 

STORD NÆRINGSRÅD
Stord Næringsråd ( SNR) er ein frittståande interesseorganisasjon. SNR skal fremja utvikling av næringsliv og andre aktuelle samfunns-oppgåver av verdi for næringslivet og sysselsetjinga i Stord.

www.stordnaeringsraad.no

 

SUNNHORDLAND MEK. VERKSTED AS
SMV er ein fleirfagleg bedrift innan avansert industrimekanikk. Som totalleverandør har bedriften eigne avdelingar for konstruksjon/design, prefab/stål, maskinering, montasje og service. Ingeniørtenestene utgjøres av fagkompetanse innan maskin, hydraulikk og elektronikk som alle bruker Autodesks moderne verktøy for konstruksjon og design.

www.smv.as

 

SØR-NORGE ALUMINIUM AS
Sør-Norge Aluminium AS (SØRAL) er ein av 7 aluminiumsprodusentar i Noreg. SØRAL ligg plassert i ytre delen av Hardangerfjorden, om lag midtvegs mellom Haugesund i sør og Bergen i nord. SØRAL er eit norsk aksjeselskap med Rio Tinto Alcan og Hydro Aluminium ASA som likeverdige aksjonærar. Med ein produksjonskapasitet på om lag 165.000 tonn elektrolysemetall pr. år, er dei ein middels stor produsent i norsk målestokk.

www.soral.no

 

SØRLI-INSTANES AS

 

TEKNA SUNNHORDLAND
Avdelinga består av alle medlemmer av Tekna – Teknisk-naturvitenskapelig forening i kommunane Stord, Bømlo, Fitjar, Etne i Hordaland kommune og deler av Vindafjord (Ølen og Vikebygd).Avdelingen skal legge til grunn Teknas foreningspolitiske mål og verdigrunnlag i sitt arbeid, og skal på eige initiativ ta opp saker til handsaming, som naturleg berører medlemmane på det lokale plan.Tekna Sunnhordland avdeling har ca 200 medlemmer og organiserer faglige og sosiale aktiviteter for medlemmene i området.

www.tekna.no

 

VÅGEN AS
Vågen AS leverer løysingar for effektiv og rasjonell massehåndtering. Vågen har erfaring med utvikling og produksjon av transportskruar siden 1962. Gjennom godt samarbeid med andre aktører i bransjen har Vågen utvikla produktspekteret sitt. I tillegg til tradisjonelle transportskruar leverer Vågen også utstyr for pressing/avvatning, miksing, dosering etc. Utstyret vert designa etter kundens behov.

www.vagen.no

 

WELDINDUSTRY AS
Weldindustry er ein leverandør av programvareløysninger som innanfor fabrikasjon og sveisedokumentasjon. Selskapet har tung engineering , fabrikasjon, prosess og sveisefag ekspertise og leverer sine løysninger til ledande virksomheter globalt. I 2008 kom Weldindustry med på konsulenthuset Deloitte si årlige liste over Norges 50 raskest voksende teknologibedrifter.

www.weldindustry.com

 

SIVA
www.siva.no

 

INNOVASJON NORGE
www.innovasjonnorge.no

 

HORDALAND FYLKESKOMMUNE
www.hordaland.no

 

AUSTEVOLL KOMMUNE
www.austevoll.kommune.no

 

BØMLO KOMMUNE
www.bomlo.kommune.no

 

ETNE KOMMUNE
www.etne.kommune.no

 

FITJAR KOMMUNE
www.fitjar.kommune.no

 

KVINNHERAD KOMMUNE
www.kvinnherad.kommune.no

 

STORD KOMMUNE
www.stord.kommune.no

 

TYSNES KOMMUNE
www.tysnes.kommune.no

 

OVE K. HELLAND

 

BJØRN JOHAN NILSEN