Problemløysaren | Eit inkubatorportrett

Den store semitraileren frå Stavanger dundrar nordover E39. På Føyno svingar den av og set kursen mot Bømlo. Personbilar og motorsyklistar skvett til sida når den digre doningen kjem køyrande på den tidvis altfor smale vegen. Vogntoget svingar inn til verksemda som er mottakar av lasta. Bakdørene på hengaren vert opna. Og der inne, faststroppa til golvet, der står ein halvlasta europalle som kunne fått plass i ein liten varebil. Elles er det tomt. Kubikk på kubikk med luft. Utanfor står Kennet Åsheim og en kollega. Dei møter kvarandre med blikket. Klør seg i hovudet. Lett håveristing følgjer. Aha-opplevinga denne dagen i 2011 skal visa seg å bli startskotet for Fraktportalen AS i 2015.

Gründer: Kenneth Aasheim
Frå: Stord
Bakgrunn: Det byrja med yrkesskule for mekaniske fag og deretter industriautomasjon. Seinare held ferda fram via Oppklaringseskadronen i Forsvaret, mil etter mil med kabelgatelegging, skulegang på IT Akademiet og ulike stillingar innan IT. Deretter følgde etablering av eige selskap, med blant anna utvikling av tryggleiksutstyr og miljøgrill. Frå 2009 konsulent med oppgåver for blant anna Siemens. Problemløysing vart satsingsområdet. Nedgangen i offshorenæringa resulterte i oppstarten av ny bedrift i 2015.
Inkubatorbedrift: Fraktportalen AS

Gründer: Kenneth Aasheim

Kort fortalt Kenneth: Kva er bedriftsideen din?
Eg har alltid vore oppteken av å sjå etter løysingar som kan forenkle arbeidsprosessar. Semitraileren frå Stavanger med ein halv palle sette i sving tankeboksen. Eg såg at dette var lite økonomisk for alle partar. Kartlegging av fraktbransjen på vegane bekrefta det eg trudde, nemleg at svært mange transportørar kjører rundt tomme fordi dei manglar returlast. Heile ein av fire trailerar på vegane våre kjører utan last. Det er lite samfunnsøkonomisk. Difor har eg laga eit digitalt verktøy som reduserer tomkjøring, reduserer fraktkostnadane, og som aukar inntektene til dei som er innovative og tek løysinga i bruk.

Kva skil di teneste frå konkurrentane sine?
Fraktportalen sitt fortrinn i oppstarten er nærleiken til dei lokale kundane. I tillegg er vårt system enklare i bruk enn dei eksisterande. Her betalar ein berre i forhold til det volumet ein skal frakte. Dette er ein betalingsmodell me har kome fram til i samarbeid med bransjen.

Så no vert det færre tomme vogntog på vegane?
Ja, det er heilt klart målsetnaden. Fraktportalen skal vere enkelt å nytte både for fraktbestillarar og transportselskapa. Alle partar vil tene på dette økonomisk. I tillegg vil færre tomme vogntog også gje ein klar miljøgevinst.

Korleis har Fraktportalen si løysing blitt motteken?
Programmet er no i drift hos Leirvik Varetaxi som er pilotkunde. Me har fått mange positive og konstruktive attendemeldingar, og me har fleire potensielle kundar som er klare til å ta systemet i bruk. Me vil sjølvsagt gjerne nå ut til flest mogleg, og kjem gjerne rundt og fortel om dei openbare fordelane både praktisk og økonomisk for aktørane i transportnæringa.

Har du støtt på utfordringar undervegs?
Den største utfordringa har vore å finna folk som kan lage den tekniske løysinga og som kan levere til avtalt tid. I tillegg til er det sjølvsagt utfordrande å skaffe nok pengar i ei utviklingsfase. Stram økonomi kan vera ein nattesøvntjuv til tider.

Kva ambisjonar har du for bedrifta di framover?
Målet er å få mange fleire kundar som tek systemet i bruk, og heile tida vidareutvikle programmet. Me ynskjer å vera marknadsleiande innan dette feltet i Noreg.

Fraktportalen AS er jo ei inkubatorbedrift. Kva har det betydd for deg å vera ein del av Atheno inkubator?
Denne etableringa hadde ikkje skjedd om eg ikkje var del av miljøet her. Å vera del av Atheno inkubator er inspirerande og kjekt. Her har eg både sparringpartnarar og «kollegaer», og eg lærer mykje av dei andre som sit rundt meg. Det er nesten absurd kor mykje ein lærer ved å starte eigen bedrift, og å sitte i eit miljø med andre gründerar.

Har du avslutningsvis nokre råd til andre som vurderer å starte eigen bedrift?
Først og fremst vil eg rå dei til å ta ein prat med Atheno for å få ei uhilda vurdering av ideen. Så vil eg også rå til å snakke om ideen til så mange som mogleg ein stolar på og som kan gje konstruktive attendemeldingar. Og sjølvsagt snakke med potensielle kundar, og Innovasjon Norge om det er aktuelt. Er attendemeldingane gode må ein vurdere om ein er villig til å satse det det kostar av tid og pengar.