Tenester

Atheno skal fremja ein unik kultur for nyskaping i Sunnhordland, og legge til rette for auka innovasjon og verdiskaping i nye og eksisterande bedrifter i regionen.

Forretningsutvikling

I Atheno arbeider me med forretningsutvikling kvar dag knytt til selskap i etableringsfasa, unge bedrifter og etablerte bedrifter. Atheno sine tilsette har lang erfaring i å rådgje bedrifter for å sikre trygg og god drift. Me spelar også på lag med andre aktørar i virkemiddelapparatet for å kunne gje kvar einskild bedrift best mogleg oppfølging og rådgjeving. Ta kontakt om du ynskjer ein uforpliktande samtale knytt til forretningsutvikling for di bedrift.

Workshop

I Atheno har me lang erfaring med å skreddarsy workshops for kundane sine behov og målsetnader. Felles for dei alle er at me nyttar kreative metodar for å avklare mål, skape nye idear og motivasjon for vidare strategiarbeid.

Me har siste åra gjennomført workshops for avdelingar i store nasjonale konsern, festivalar, reiselivsbedrifter, gründerbedrifter og nettverksorganisasjonar i den maritime næringa for å nemna noko.

Interessant? Me skreddarsyr gjerne ein workshop for deg og di bedrift om du ynskjer det!

Atheno canvasprosess

For alle som driv eller skal drive ei bedrift er det viktig med god oversikt. Ved å arbeide målretta med Business Model Canvas får ein nettopp det. Me i Atheno kan delta i ein slik prosess med deg. Me garanterer overraskingar, betre oversikt, og at det vil gjere deg og bedrifta di betre rusta til å oppnå gode resultat.

Astrid 2238
Dagleg leiar

Astrid Kjellevold

452 89 928

astrid@atheno.no

Kjetil 2232
Inkubatorleiar

Kjetil Djuve

982 99 318

kjetil@atheno.no