Tidleg ute | Eit inkubatorportrett

I Narvik sit ein kar i ein taxi. Dører går opp og vert lukka. Alltid eit nytt andlet. Ein ny samtale. Alltid eit høve til å gjere kvardagen litt enklare for den i passasjersetet. Men. Det er alltid eit men. Kvifor skal ikkje det organisatoriske rundt kvardagen betrast? Kvifor skal ein driva med vaktlister på Excel-ark og ringerunde kvar gong ein treng nokon til å ta ei ekstravakt?

På Stord sit bror til drosjesjåføren. Ein tilflyttar. Utan fast jobb. Men med lang erfaring innan webutvikling. Nokre telefonsamtalar seinare er Taxigo i støypeskeia. Noregs beste og einaste komplette program for drosjenæringa.

Gründer: Tommy Eliassen
Frå: Mo i Rana. Har også budd i Bodø, Bergen og Stavanger før han busette seg på Stord i 2013.
Bakgrunn: Utdanning frå datalinja på HiB. Har arbeidd med webutvikling sidan 2000.
Inkubatorbedrift: Taxigo

Gründer: Tommy Eliassen

Kva er bedriftsideen din Tommy?
Bedriftsideen min har vore å laga ei digital plattform som kan forenkle kvardagen for løyvehavarar og sjåførar i taxinæringa.

Kva var årsaken til at du vart gründer og satsa på akkurat denne ideen?
Eg har ein bror som køyrer drosje i Narvik. Etter samtalar med han skjøna eg at det var ein bransje med eit behov for forbetringar med digitale verktøy.

Taxibransjen er rekna for å vera ein konservativ bransje. Stemmer det?
Ja, i aller høgste grad! Eg har fått beskjed om at eg er nokre år for tidleg ute med produktet mitt.

Korleis har du konkret arbeidd for å gjere kvardagen for drosjeeigarane enklare?
Eg har laga ei løysing som gjer at løyvehavarar kan ha oversikt over vaktplanar, skiftrapportar og personalhandtering på mobilen sin eller på nett. Ved å ha alt på ei plattform og tilgang døgnet rundt der ein er, får løyvehavarane og sjåførane ein heilt annan oversikt enn det dei har i dag.

Mange av Atheno sine inkubatorbedrifter satsar på digitale løysingar. Kvifor trur du det er slik?
Eg trur det er forbetringspotensiale i alle bransjar. På veldig mange arbeidsplassar kan ein digitalisere og forenkle arbeidsprosessar.

Du har drive verksemda ei stund no. Har det gått slik du forventa før du starta?
Eg hadde forventa at Taxigo-løysinga skulle vera enklare å selja inn til kundane. Noko av grunnen er nok at taxinæringa har vore prega av mykje uro i det siste, blant anna med Uber sitt inntog i den norske marknaden. Dessutan har det skjedd ting i livet privat det siste året som har gjort at eg har måtta prioritere det som er aller viktigast, – familien min.

Kva er den største fordelane og utfordringane ved å drive eigen verksemd?
Fordelen er heilt klart at ein har fridom til å prioritere sin eigen kvardag. Ulempa er at det er ingen tid att å styre. Det er travelt rett og slett!

Har du sett deg konkrete mål for 2017?
Ja, men dei er allereie litt revurderte på grunn av andre oppdrag.

Du deler kontorfellesskap med andre i Atheno Inkubator. Kva betyr det for deg?
Det betyr mykje. Blant anna at eg har nokon å snakka med fagleg, og at eg kan diskutere med andre som er i same situasjon. I tillegg får eg jo jamleg og god oppfølging frå Atheno og inkubatorleiar Kjetil.

Har du nokre gode råd til andre som vurderer å starte eigen bedrift?
Få tilbakemeldingar på ideen ein har og sett i gang. Og ver offensiv. Sel skinnet før bjørnen er skoten!