Ungt Entreprenørskap

Ungt Entreprenørskap (UE) i Sunnhordland vart oppretta som prosjekt hos Atheno AS i 2009. Stillinga er eit samarbeid mellom Atheno AS, Kværner, Apply Leirvik, SKL og Bremnes Seashore. I tillegg er kommunane Bømlo, Kvinnherad og Stord medlemmer i organisasjonen Ungt Entreprenørskap. Prosjektleiar i 100 % stilling er Nina Østensjø Borrevik.

Ungt Entreprenørskap (UE) er ein ideell, landsomfattende organisasjon som i samspel med utdanningssystemet, næringslivet og andre aktørar jobbar for å utvikle barn og unge sin kreativitet, skaperglede og tru på seg sjølv. Ungt Entreprenørskap består av eit nasjonalt sekretariat (UE Norge) og 17 fylkesorganisasjoner. Nettverket vert bunde saman av felles formål og vedtekter. Den desentraliserte organiseringa gjer at UE har nærleik til skulen, lokale myndigheiter og lokalt arbeids- og næringsliv.

Fylkesorganisasjonene forvaltar merkevara UE lokalt, og har det operative ansvaret i sitt fylke. Fylkesorganisasjonane har eigne styrer og har ansvar for eiga finansiering. UE Norge har det overordna ansvaret for dei pedagogiske programma og for organisasjonen sitt strategiarbeid.

Les meir på www.ue.no.