For deg som går med spennande planar

Vurderer du å realisere di eigen verksemd? Då er Regionalt Etablerarfond verdt å sjekke ut. Tilskot frå etablerarfondet skal bidra til gjennomføring av naudsynte tiltak i tidleg oppstartsfase, og gje gründaren kompetanse om marknad og økonomi. Det er Samarbeidsrådet for Sunnhordland som administrerer midlane i fondet. Framleis nysgjerrig? Då må du sjekke ut denne lenka: http://samarbeidsraadet-sunnhordland.no/prosjekt/regionalt-naeringsfond-3

Stipend til næringsutvikling

Sparebanken Vest har oppretta stipend på inntil kr 100.000 som skal gå til gründerar med kommersialiserbare forretningsidear. Stipendet skal hjelpa gründeren med å kvalitetssikra og utvikla sin potensielle forretningsidé. Stipendet som blir forvalta av Atheno AS, skal stimulera og realisera nye og innovative bedriftsetableringar i Sunnhordland/Haugalandet.