Frå mai 2018 er det eit krav om informasjonsplikt ved innsamling av opplysningar frå personar som registrerar seg på nett (ref. Personopplysningslova § 19).

Denne erklæringa inneheld informasjon om kva opplysningar me hentar inn og korleis dei vert behandla (ref. Personopplysningslova § 18 1. ledd).

Atheno AS, ved dagleg leiar, er behandlingsansvarleg for verksemda si behandling av personopplysningar.

På denne nettstaden vert det samla inn persondata gjennom følgjande verktøy:

  • Påmeldingsskjema (namn, e-post, telefonnummer)
  • Oppmelding nyhendebrev (e-post)
  • Google Maps (lokasjonsdata)
  • Google Web Font (besøksdata)

Kva er ein «cookie»?

Ein cookie – på godt norsk kalla «informasjonskapsel» – er ein teknologi nytta av dei fleste nettstader. Det er ein liten tekstfil som vert lagra på din enhet, og kan inneholde forskjellig informasjon om din bruk av nettstaden. Til dømes kan den hugse pålogginga di, kva innstillingar du har aktivert på nettstaden, kva sider du besøker på nettstaden vår, kva lenkjer du trykker på og liknande.

Påmeldingsskjema

Atheno AS salmar inn opplysningar om alle deltakarar på sine arrangement. Dette treng dei for å få ei oversikt over kor mange som kjem, kven som kjem, og kvar dei skal sende ut faktura. Opplysingane skal berre nyttast til dette føremålet.

Dette kan verta samla inn:
  • Namn på deltakar
  • Namn på bestillar
  • E-postadresse til deltakar
  • E-postadresse til bestillar
  • E-postadresse for faktura
  • Telefonnummer til deltakar
  • Telefonnummer til bestillar
  • Adresse til bestillar
  • Namn på bedrift/organisasjon
  • Om deltakar er student, gründer eller etablerer

Opplysningane vert henta frå påmeldingsskjemaet på atheno.no.

For å delta på Atheno AS sine arrangement, så må alle deltakarar gje informasjonen nemnd ovanfor. Behandlingsgrunnlaget er samtykke frå kvar enkelt deltakar.

Deltakarliste kan i enkelte arrangement bli lista ut på nettstaden. Då kan deltakarane velje å ikkje vera del av denne utlistinga ved påmelding.

Opplysningane om deltakarane er delt med rekneskapskontoret Tveit Rekneskap AS for fakturering, rekneskap og bokføring. Selskapa Sydvest AS, Axenta AS og Webhuset AS har tilgang gjennom drift, utvikling og vedlikehald av nettstaden.

Personopplysningane vert lagra på nett-tenaren vår, og er dekka av same tryggleikstiltak som resten av nettstaden. Lista over opplysningane vert lagra i maks to år etter oppføring.

Nyhendebrev

For å melde deg på vårt nyhendebrev, er vi nøydd til å samle inn e-postadressa di.

E-postadressa vert berre nytta til dette føremålet.

Selskapa Sydvest AS, Axenta AS og Campaign Monitor gjennom drift av nyhendebrevløysinga.

E-postadressene er lagra på Campaign Monitor sine tenarar. Les meir om korleis Campaign Monitor handterer data her.

Lokasjonsdata

Nettstaden vår nyttar Google Maps for å vise lokasjonen til hendingane våre. Google Maps kan samle inn informasjon om brukaren, som til dømes plassering og IP-adresse.

Informasjon samla inn av Google Maps vert lagra på Google sine tenarar i USA, og me har ikkje tilgang til desse.

Les meir om korleis Google handterer data her.

Google Web Fonts

For å sikre ei lik visning av fontar på alle enhetar, nyttar denne nettstaden fontar tilpassa for nettbruk levert frå Google. Når du opnar ei side hos oss, vil nettlesaren din laste inn fontane du treng for å vise sida skikkeleg til mellomlagringa di.

For å kunne gjere dette må nettlesaren din etablere ein kontakt med Google sine tenarar. Gjennom dette vil Google få beskjed om at di IP-adresse har besøkt vår nettstad. Dette er ikkje informasjon som me har tilgang til.

Me nyttar Google Web Fonts for å sørge for ei lik visning av teksten på sida vår, i tillegg til estetiske årsakar. Dersom nettlesaren din ikkje støtter nett-fontar, så vert ein standard-font frå enheten din nytta av nettlesaren din.

Les meir om Google Web Font sin handtering av data her.

Generelt

Selskapa Sydvest AS, Axenta AS og Webhuset AS har tilgang til personopplysningar lagra på vår tenar gjennom drift, utvikling og vedlikehald av nettstaden.

Personopplysningane som vert lagra på nett-tenaren vår er dekka av same tryggleikstiltak som resten av nettstaden.

For spørsmål eller ved ønskje om innsyn, retting eller sletting, ta kontakt med:

Astrid Kjellevold

Dagleg leiar, Atheno AS

+47 452 89 928

astrid@atheno.no